![]() |
|
|
|
Kyrkja har vore ein av dei fremste kulturberarane her i landet og store delar av kulturskattane vår knyter seg til kyrkja og kulturen hennar. Også i dag er kyrkja ein av dei største kulturinstitusjonane i Noreg. · Kyrkjebygga og den kyrkjelege kulturen er lokale portalar inn til eit breitt spekter av kunstnarlege uttrykk i fortid og notid: biletkunst, kunsthandverk, arkitektur, litteratur, musikk, drama/liturgi. · Den kyrkjelege kulturen knyter det lokale til det globale og den syner korleis kunstnariske uttrykk har blitt og blir utveksla mellom lokalsamfunnet og det globale samfunnet. Eit medvite arbeid med den kyrkjelege kulturen kan også gje eit godt innsteg i dialogen med representantar for andre kulturar og livssyn/religionar om deira kulturskattar. Det er likevel eit stykke å gå før kyrkja sin kulturressurs kan bli utnytta fullt ut i eit samarbeid med skulen. Det er naudsynt å utvikle formidlingsproduksjonar i skjeringspunktet kyrkje- kunst- kultur retta inn mot grunnskulen. Her trengst det samarbeid med kunstnarar og ulike kunst- kulturinstitusjonar. Vidare vil det vere behov for kompetanseutvikling både for lærarar og dei tilsette i kyrkja for at desse skal kunna ta del i kunstformidlinga. Dei primære målgruppene for prosjektet er: 1) Barn og unge i grunnskolen: 1. -10. klasse I L97 er det nedfelt, både i KRL-faget og andre fag, utfordringar om å gje elevane opplevingar av og kunnskap om kyrkjelege kunstutrykk frå gamal og ny tid. Satsinga vår er tenkt som eit bidrag til å realisere intensjonane i L97, og er elles i tråd med Undervisnings- Kultur- og Kyrkjedepartementet si satsing på "Den kulturelle skulesekken". Føremålet med prosjektet er å fremme: - at barn og unge få kunnskap om og blir medvitne om den omfattande kulturelle arven som er knytt til kyrkja og hennar historie - at barn og unge får oppleve seg sjølve som deltakande, utforskande og heile skapande menneske i møtet med dei grunnleggjande menneskelege tema knytt til kunst og kulturuttrykk i kyrkja 2) Kunst- og kulturlivet Vi ønskjer å utfordre og inspirere kunstnarar og kulturinstitusjonar til å vere nyskapande i møtet med kyrkje, tru og religion og til å ta vare på, formidle og stadig nytolke dei kulturtradisjonane som ligg i den kyrkjelege kulturarven - overfor eit ungt publikum. 3) Kyrkja Vi ønskjer å utfordre og inspirere kyrkja til i sterkare grad å vere medviten om sin eigen kunst- og kulturarv, og til å vere ein ansvarleg, open og aktiv kulturaktør i dagens samfunn ved å invitere til stadig kunstnarisk fornying. 4) Skoleverket og de pedagogiske institusjonar Vi ønskjer at skoleverket og utdanningsinstitusjonar blir utfordra og inspirert til å skape god formidling til barn og unge omkring dei kunstnariske og kulturelle verdiar kyrkja har å by på, slik at dei betre og tryggare kan ivareta dei moglegheitene som ligg i L97. Vi ønskjer å invitere til dialog og samarbeid mellom dei tre sistnemnde målgruppene, slik at prosjektet kan munne ut i gode enkeltprosjekt og bli av langsiktig verdi overfor hovudmålgruppa. FRAMDRIFTSPLAN I. Hausten 2002/våren 2003 Arbeidsgrupper For å oppnå optimale og langsiktige resultat er det viktig at dei tre involverte "søylene" i prosjektet, kunstliv, skole og kyrkje, får større kjennskap til kvarandre - til tenking, ressursar, kompetanse, nettverk, eksisterande arbeid, problemstillingar og utfordringar hjå dei andre. Vi trur det vil vere nyttig å etablere arbeidsgrupper med utgangspunkt i fem fagfelt/kunstformer, likevel med eit klart medvit om at noko av det unike i kyrkja nettopp er at kunst- eller uttrykksformene verkar saman i ein heilskap. Vi ønskjer å invitere personar som arbeider med eller har interesse for målsettinga i prosjektet, som også representerer relevante institusjonar eller grupper, til å sitje i arbeidsgruppene. Vi ser for oss denne skissa til miljø som kan bli invitert til å delta, ut frå ei målsetting om å dekke område som: det skapande, kulturarv- og tradisjonar, det barnefaglege, kunstformidling og det kyrkjelege i kvar av gruppene. Vi tar atterhald om endringar. 1. Arkitektur / kyrkjerom / kyrkjegard Arkitekthøgskolen / Riksantikvaren, Kyrkjeavdelinga/ Høgskolen i Oslo / Norsk Arkitekturmuseum / Kyrkjekonsulenten i Kultur- og Kyrkjedepartementet / Kirkelig Kulturverksted/ Kyrkjeleg tilsette/ 2. Kyrkjekunst / utsmykking / symbol Kunstnarsentra / Riksutstillingar, Kyrkjekunstavdelinga/ Kirkelig Kulturverksted/ Institutt for kunsthistorie UiO el. UiB / Høgskolen i Telemark / Landslaget Formgiving, kunst og handverk i skolen / Museumsnett / Kyrkjeleg tilsette/ Norsk Form/Kyrkjegruppa under Norske brukskunstnarar/Liturgisk senter 3. Kyrkjemusikk Norsk komponistforeining / Norges Musikkhøgskole, Kyrkjemusikkutdanninga/ Rikskonsertane / Dronning Mauds Minne / Landslaget Musikk i skolen / Kyrkjemusikarar / Kyrkjeleg tilsette/ Kirkelig kulturverksted 4. Litteratur / poesi / salmar Norsk forfattarsentrum / Forum for litteratur og teologi / Høgskolen i Telemark / Norsk Forteljarforum /Eit forlag / Kyrkjeleg tilsette/ 5. Drama / ritual / liturgi Liturgisk senter, Trondheim / Høgskolen i Oslo el. Dronning Mauds Minne / Teaterhøgskolen / Landslaget Drama i skolen / Kyrkjespelgruppe / Kyrkjeleg tilsette Vi meiner også at det er ynskjeleg å involvere representantar for andre religionar og livssyn i delar av arbeidet. Vi har som mål å integrere dialogperspektivet i prosjektet. Mandatet åt gruppene vil vere innan utgangen av våren 2003 å skaffe seg kunnskap om kva ressursar, verdiar og moglegheiter som ligg i skjeringspunktet mellom kulturliv, skole og kyrkje på kvart fagområde, og ut frå denne kunnskapen utarbeide eit grunnlag for vidare arbeid og samarbeid. Prosjektkonsulenten vil fungere som koordinator og sekretær for arbeidsgruppene, og vil samle dei tankane og ideane som kjem fram i eit grunnlagsdokument. Informasjon / nettverksbygging / initiering / Internett-stad Et hovudarbeidsområde for prosjektkonsulenten vil vere aktivt å samle informasjon om tiltak, ressursar og personar som fins innanfor feltet, byggje nettverk, og elles vere kontaktperson og initiativtakar overfor enkeltinstitusjonar og -personar som kunne setje i gang konkrete formidlingsprosjekt. Etableringa av ein god og dynamisk Internettstad vil vere eit sentralt mål. Nettstaden bør vere ein stad der elevar, lærarar, kyrkjetilsette, kunstnarar og kulturinstitusjonar kan finne informasjon, oppgåver og materiale, og der de interesserte kan bidra med idear og synspunkt. Planlegginga i samband med dette ligg i prosjektkonsulentstillinga, mens den tekniske og grafiske tilrettelegginga vil vere eit prosjekt ein må søkje om ytterlegare eksterne midlar til. II. Hausten 2003 Når grunnlagsarbeidet er gjort vert arbeidsgrupperepresentantane utfordra til internt i eigen organisasjon eller eige miljø å rette fokus på formidling av kyrkjekunst til barn, og til, kvar for seg eller i samarbeid, å utforme og setje i gang prosjekt i form av: - tilbod til skular om konsertar, utstillingar, førestillingar, ressurshefte, filmar, bøker, CD’ar eller andre opplevings-/kunnskapsformidlingsopplegg - tilbod til skulane om formidlingsprosjekt der elevane skal vere deltakande og skapande - etterutdanningstilbod/konferansar/diskusjonar for lærarar, kyrkjeleg tilsette, kunstnarar eller andre grupper i kulturlivet Nokre prosjekt vil ein kunna setje i gang som ein naturleg del av den enkelte organisasjon sitt virkeområde, men vi har ambisjonar om at området bør få eit ekstra løft og fokus i starten, og vi har håp om at Kulturrådet vil sjå positivt på prosjektsøknader som spring ut av dette forprosjektet, og som kan kome både frå vår institusjon og andre. Prosjektkonsulenten vil halde fram med å vere bindeledd mellom deltakande institusjonar, redaktør for nettstaden, og initiativtakar og marknadsførar for prosjektet i sin heilskap. Kristiansund Kirke Kunst og Kulturfestival ønskjer i september 2003 å ha barn, kyrkje, skule, og kultur som hovudtema, og vi ser festivalen som eit mogleg utstillingsvindauga for einskildprosjekt, og som forum for vidare diskusjon omkring temaet. http://www.denkulturelleskolesekken.no
|
|
|||||||
|
|
|