1814 og det visuelle Norge

Voss Kyrkjeakademi og Voss Kunstlag vil gjerne informera om den NASJONALE  JUBILEUMSUTSTILLINGA  som på Vestlandet blir vist i Baroniet i Rosendal  7. juni – 10. august. Utstillinga ”Tidemand og Gud”  viser scener frå norsk kristenliv på 1800-talet, og kunstnaren Adolph Tidemand  brukte og Vangskyrkja som motiv for sine måleri.  Utstillinga opnar i Pinsen, med forelesingar ved kunsthistorikar Magne Malmanger, Universitetet i Oslo.

Bileta vektlegg folkelivsskildringar der Tidemand gjev uttrykk for norsk kristenliv vist gjennom lekmannsrørsle og gudstenesteliv i norske bygder, men også høgdepunkt i livet som konfirmasjon og bryllaup, og naud og sosiale skilnader.

Ytringsfridom, forsamlingsfridom og nasjonsbygging er på ulik vis knytt til 1814 og utviklinga vidare på 1800-talet. Den 28. juni blir det i samband med utstillinga eit historisk seminar: 1814 OG DET VISUELLE NORGE, ved professor Sigrid Lien og andre i kultur- og medievitskap.

Utstillinga er ei fin oppleving å få med seg, på ein dagstur eller ved andre høve i ferietida i sommar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.