Voss kyrkjeakademi

KONTAKT

Kari Bye
Vangsgata 46 B
5700 Voss
Tlf: 975 62 212
E-post: karibye@online.no

*************************************************************************

PROGRAM VÅREN 2019

ONSDAG 20. februar  kl. 19.00:

Det rituelle, og underteksten i norsk folkemusikk.

Konsert og samtale mellom Berit Opheim og Knut Hamre. 

Folk er glad i musikk.  Kvifor er mennesket glad i musikk?  Voss Kyrkjeakademi inviterer til ein kveld med to av våre fremste musikarar, konsert og samtale mellom Berit Opheim og Knut Hamre.  Med song og hardingfele vil dei utdjupa historiene om musikken sin plass i folk sitt liv.  Om oppleving av lengt og mystikk, om Draumkvedet og huldreslåttar.  Om balladar som blir overlevert frå eine generasjonen til den neste.  Om spelemannen sin rolle gjennom livet til menneske frå vogge til grav, frå bånsullar til gravferdssalmar,  og om det rituelle knytt til tonar i åndsarven vår.

Det er ein lidenskap, ”hengivenhet”, ein inderleg kjærleik til musikken, som har ført desse to musikarane djupt inn i folkemusikkverda, og det kjem fram i samarbeidet deira.  Berit har opplevd at ein bånsull når ut til folk over alle kulturelle grenser.  Knut meiner det lokale blir det globale.  Til djupare du kjem, til meir finn du det ålmenne.  Det blir integrert i deg, og då når det fram.   Ein når inn til ei åndskraft der ein møtest på tvers av tradisjonar.

I VANGSKYRKJA

Kr. 150,-

___________________________________________________________________________

TIDLIGERE PROGRAMMER

Våren 2018
Høsten 2017
Våren 2017
Høsten 2016
Våren 2016
Høsten 2015
Våren 2015
Høsten 2014
Våren 2014

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Bevegelse. Forum. Fristed.