Stord kyrkjeakademi

Kontakt
Leiar: Dag Eirik Eikeland
Tlf. 480 71 478
E-post: dag.eirik.eikeland@sklbb.no

Idédebatten ut av sofakroken

Under mottoet «Gjer døra høg og porten vid» vart Stord kyrkjeakademi stifta i 2010. Dette er ein møteplass der me fordomsfritt vil ta opp og drøfta spørsmål som ligg i grenseland mellom tru, tanke, kultur og samfunn, ein stad der kristne, agnostikarar, ateistar og folk frå andre religionar – kort sagt alle – kan finna det interessant og gjevande å møtast. I vedtektene for akademiet heiter det at me skal

  • bidra til dialog mellom ulike grupper og menneske
  • skapa møteplassar for fordjuping og meiningsbryting om evige spørsmål, så vel som tidsaktuelle utfordringar
  • bidra til opne samtalar med rom for innsikt, engasjement og kritikk.

Stord kyrkjeakademi sine arrangement finn vanlegvis stad i Museumshallen, Sunnhordland museum, dersom ikkje anna er sagt.

Stord kyrkjeakademi er ein idealistisk organisasjon basert på friviljug arbeid. Arrangementa er opne for alle.

————————————————————————————-

PROGRAM VÅREN 2020

Tysdag 21. januar kl. 19.00
Stad: Stord Folkebibliotek, Kulturhuset på Stord
Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek
«Moderne slaveri – vedkjem det oss?»

Ved dagleg leiar i Raftostiftelsen Jostein Hole Kobbeltvedt.
Nokre av oss trur kanskje at slaveriet tok slutt med den amerikanske borgarkrigen. Men avisoverskriftene berre i den siste tida fortel om noko anna: 1134 omkomne i ein fabrikkollaps i Bangladesh, fleire hundre omkomne i tallause brannar i tekstilfabrikkar i Pakistan…. eller nærare våre eigne breiddegrader: bilvaskarar i Oslo, sexslaveri og menneskehandel i Bergen.
Moderne slaveri er kanskje det verste utslaget av global urett som vi har i dag, og utgjer svært alvorlege brot på heilt grunnleggjande menneskerettar. FN anslo i 2017 at over 40 millionar menneske lever i ei eller anna form for slaveri, av desse 25 millionar i tvangsarbeid.
Norske styresmakter definerer menneskehandel som «det å utnytte andre i prostitusjon eller andre seksuelle formål, tvangsarbeid, krigstjeneste i fremmed land eller for å fjerne deres organer – ved hjelp av enten vold, tusler, misbruk av sårbar situasjon eller annen utilbørlig adferd.» Dette høyrest grotesk ut – og er det! Men tenkjer vi gjennom at vi dagleg omgjev oss med produkt som er produserte under slaveliknade tilhøve? Korleis kan det t.d. vera mogleg å produsera ei bukse til eit par hundrelappar, eller eit avansert teknisk produkt til om lag same prisen? (Når ei vare er så billeg at det er for godt til å vera sant, ja, så er det som oftast det!)
Vi ynskjer å retta søkeljoset på desse spørsmåla, og etterrøkja dei strukturane som ligg bak desse tilhøva.
Jostein Hole Kobbeltvedt frå Raftostiftelsen vil gjera oss klokare, og kanskje gje oss idéar for å motarbeida desse problema. Han har lang og brei røynsle med menneskerettsarbeid internasjonalt, mellom anna gjennom Kirkens Nødhjelp, der han arbeidde som utviklingspolitisk rådgjevar og har hatt ulike leiarstillingar. Kobbeltvedt har arbeidd mykje med sivilsamfunn i Sør-Amerika, Afrika og Asia, og har vore involvert i arbeid opp mot FN, Verdsbanken og Det Internasjonale Pengefondet. Frå 2011- 2014 leidde han Kirkens Nødhjelps regionkontor for det sørlege Afrika.
I 2009 – 2011 sat Kobbeltvedt i FNs arbeidsgruppe for ansvarleg långjeving. Han har også gjennom Fredskorpset arbeidd som politisk rådgjevar for African Network on Debt and Development (AFRODAD) i Zimbabwe. Han har ein mastergrad i samanliknande politikk frå London School of Economics og ein cand. mag.-grad frå Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.
Raftostiftelsen for menneskerettigheter vart stifta i 1986 for å minnast professor Thorolf Raftos arbeid for menneskerettar og demokrati. Thorolf Rafto var frå Bergen, og arbeidde som professor ved Norges Handelshøgskole. Han vigde mykje av livet sitt til å kjempa for fred og rettferd i verda; særleg låg lagnaden til folk som var undertrykte hjarta hans nær. Den fyrste raftoprisen vart utdelt i 1987, året etter Rafto døydde, og har seinare blitt tildelt kvart år. Prisen for 2019 vart tildelt Rouba Mhaissen frå Syria for hennar forsvar av menneskerettar for folk på flukt.
Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og ei enkel servering.

Tysdag 10. mars kl. 19.00
Stad: Stord Folkebibliotek, Kulturhuset på Stord.
Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.
«Kristne og humanistiske verdiar – kva meiner vi eigentleg med det?»
Ein sivilisert samtale mellom ein kristen og ein humanetikar: May Bente Matre, DnK, og Christian Lomsdalen, HeF.
I paragraf 2 i Grunnlova vår heiter det: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane».
Denne og liknande tekstar er òg skrivne inn i mange andre lover og forskrifter, i føremålet for mange organisasjonar, politiske rørsler m.v. Men tenkjer vi gjennom kva som gøymer seg i slike formuleringar, eller er det berre blitt talemåtar som vi ytrar «på autopilot»? Eller har uttrykket oppstått som eit «kompromiss» mellom kristne og humanetikarar? Spørsmåla kan vera så mange!
I alle høve har humanetikarar og kristne ofte vore som hund og katt. Dette vert ikkje minst avspegla i lesarbrevspaltene i avisene, der «sterkttruande» i begge leirar slår kvarandre i hovudet med bibelvers og naturvitskap. Debattane har mange gonger framstått som korkje spesielt kristne eller humanistiske. Men svært mange er lite tilfredse med denne tilstanden, og ynskjer å trengja gjennom til kvarandres oppfatningar og verdisyn. Vi har difor utfordra to menneske som står i to ulike livssynstradisjonar om å samtala om dette, men som har det til felles at dei er udogmatiske, opne og forvitne på andre sine oppfatningar.

May Bente Matre er nytilsett dialogprest i Kirkelig Dialogsenter Bergen. Det er eit ressurs- og kompetansesenter for kyrkjelydar, organisasjonar, skular og andre som er interessert i ein folkelig basert trus- og livssynsdialog. Saman med Human-Etisk forbund og andre er dei aktive i Samarbeidsrådet for tros- og livssyn (STL).

Christian Lomsdalen er lektor ved Akademiet Videregående Skole i Bergen. Han er aktiv i Human-Etisk forbund i Bergen, der han m.a. er konfirmasjonsrettleiar.

Det vert òg invitert til spørsmål og ordskifte.

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og ei enkel servering.

Tysdag 24. mars kl. 18.00
Stad: Sunnhordland museum. NB! Merk stad og tid!
Møtet er eit samarbeid mellom Sunnhordland museum og Stord kyrkjeakademi. I forkant av dette møtet, kl. 17.30, vert det årsmøte i Stord kyrkjeakademi.
«Klosterliv i Sunnhordland i mellomalderen»
Fyrsteamanuensis Alf Tore Hommedal, UiB og konservator Helge Pedersen, Sunnhordland museum.

På 11-1200-talet vart det oppretta mange kloster i Noreg, og svært mange av dei låg på Vestlandet, frå Selje i nord til Stavanger i sør. I Bergen var det ikkje mindre enn 5 klostersamfunn. Men også til Sunnhordland kom klostervesenet, gjennom oppbygginga av Halsnøy kloster. Etter tradisjonen skal klosteret ha blitt oppretta av Erling Skakke i 1163-64, i samband med at son hans, Magnus Erlingson skulle kronast til konge. Etter reformasjonen forfall klosteret, og i dag er få synlege merke att.
Klostera var sjølvsagt religiøse sentra, men dei fungerte òg i mangt og mykje som den tids «velferdsstat», med stell og opphald for gamle, sjuke og fattige. Vi veit òg at dei førde med seg viktige kulturimpulsar frå Europa; så som nye nyttevekster, dyrkingsmåtar, sæder og skikkar.
Men kor kom munkane frå, og korleis vart dei tekne imot av lokalsamfunnet? Korleis var dagleglivet på klosteret, og hopehavet med bygdene omkring? Og finst det ei verknadshistorie, er det noko av verksemda som kan sporast òg i dag?

Stord kyrkjeakademi og Sunnhordland kloster vil forsøkja å kasta eit ljos over klosterlivet på Halsnøy. Foredragshaldarar vert fyrsteamanuensis Alf Tore Hommedal frå Universitetet i Bergen, og konservator Helge Pedersen frå Sunnhordland museum. Arrangementet vil òg by på smakebitar av middelalderens musikk.

Alf Tore Hommedal (f. 1956) er fyrsteamanuensis i mellomalderarkeologi ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd med og skrive om ei rekkje norske mellomalderanlegg og bruken av desse, særleg då kyrkjer og kloster. Det siste han har arbeidd med, er lyden av kyrkjene, dvs. klokkeklangen som symbol og identitetsskapar i mellomaldersamfunnet.
Helge Pederesen er konservator ved Sunnhordland museum. Pedersen er utdanna historikar ved Universitetet i Oslo. Dei siste åra har Pedersen arbeidd med opplæringstiltak for innvandrarar og flyktningar i Bømlo kommune. Tidlegare har han mellom anna arbeidd ved forsvarsmuseet i Oslo, vore omvisar på Akershus festning og arbeidd på forskingsprosjektet knytt til hundreårsjubileet for unionsoppløysinga i 2005. Pedersen har det faglege ansvaret for samlinga ved museet, og har heile sunnhordlandsregionen som sitt arbeidsområde.

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og enkel servering.

————————————————————————————-

TIDLEGARE PROGRAM (PDF)

>Hausten 2019
>Våren 2019
Våren 2018
Hausten 2017
Våren 2017
Hausten 2016
Våren 2016
Hausten 2015
Hausten 2014
Våren 2014

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Bevegelse. Forum. Fristed.