Borgund kyrkjeakademi

KONTAKT

Borgund kyrkjeakademi
v/ Marit Kaldhol
Gamlevegen 30
6015 Ålesund
Mobil: 478 63 687
E-post: maritkaldhol@gmail.com

Styremedlemmar 2014:
Oddvar Bjørge, Eva Vinje Aurdal, Arvid Helle, Magnhild Tafjord og Marit Kaldhol.

*************************************************************************

PROGRAM HØSTEN 2016

OLSOKFEIRING
i Borgund fredag 29. juli

> Olsokfeiring (PDF)

Kl. 18.00
Økumenisk festgudsteneste i Borgund kyrkje.
Song ved Ragnhild Eide Akslen.

Kl. 19.00
Sal av rømmegraut m.m. i menighetshuset.

Kl. 20.00
Føredrag i Borgund kyrkje ved Kari Veiteberg, bymisjonsprest:
“Kamelen og nålauga. Kristen tru i møte med rikdom og fattigdom.”

Velkomen!
Arr.: Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi i samarbeid med kyrkjelydar i Ålesund

___________________________________________________________________________

SMAK AV PILGRIM
Onsdag 21. september 2016 inviterer Borgund & Spjelkavik kyrkjeakademi til eit todelt arrangement med ‘smak av pilgrim’ i Borgundgavlen og Middelaldermuseet.

smak-av-pilgrim

Kl. 18.00:
Oppmøte og orientering ved båthallane, Sunnmøre Museum (på nordsida mot Nørvasundet). Vi vandrar i roleg tempo på stiar i Borgundgavlen, med nokre stopp undervegs. Siste stopp inne i Borgund kyrkje.

Kl. 19.30:
I Middelaldermuseet:
Omvising i det restaurerte museet
Konservator Jarle Sulebust fortel om pilgrimstradisjonar og Borgund som kyrkjestad i middelalderen.
Lett servering.
Hugs godt fottøy og kle deg etter vêret til vandringa.

Alle er velkomne til ein eller begge delane av programmet!

 

 

**************************************************************************

 

OM BORGUND KYRKJEAKADEMI

Borgund kyrkjeakademi blei oppretta på 1980-talet på initiativ frå sokneprest Inge Eidhammar. Sidan har tradisjonen vore vidareført med at soknepresten i Borgund sit i styret. Vi har lokal tilknytning til dei to sokna Borgund og Ellingsøy i Ålesund kommmune, som i dag har eit tett samarbeid på mange plan. Nedslagsfeltet til Borgund kyrkjeakademi er heile Ålesund med omland. Aktiviteten har vore jamnt god og variert i alle desse tiåra, og publikumsinteressa er solid innarbeidd. Samarbeid med andre organisasjonar el. institusjonar har dei siste åra utvida og berika virkefeltet vårt. Dei to kyrkjene – tradisjonsrike Borgund og moderne Ellingsøy – held fram med å vere faste utgangspunkt for møteverksemd og utoverretta tiltak.

Religionsdialog, Midt-Austen-konflikta, pilgrimstradisjonar og lokale samtalefora har vore aktuelle tema på føredragskveldar, konferansar, møte/seminar.

Borgund kyrkjeakademi er fast medarrangør av den tradisjonsrike økumeniske olsokfeiringa i Borgund.

 

TIDLIGERE PROGRAMMER (PDF)

> Høsten 2015

> Høsten 2014:

 Høsten 2014
Våren 2014

En tanke om “Borgund kyrkjeakademi”

  1. Så kjekt at sida er oppe allereie! Vi får spreie info og satse på at sida kan bidra til auka interesse! Flott arbeid!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Bevegelse. Forum. Fristed.