Ål kyrkjeakademi

fff

Kontakt:
Anne Kjersti Frøyen, Movegen 11, 3570 Ål
Tlf: 901 33 806
E-post: akfroyen@gmail.com 

Styret:
Terje Nordal, Ingunn Stræte Lie, Steinar Aa, Arvid Bjørke og Anne Kjersti Frøyen.

————————————————————————————-

PROGRAM HAUSTEN 2020

Torsdag 17. september kl. 19.15
Stad: Stavkyrkjemuseet i Prestegardslåven
Thor Warberg har omvisning og orienterer om stavkyrkja i Ål og samfunnet i Ål i mellomalderen, og me ser på dei skattane som finst i stavkyrkjemuseet.

Onsdag 21. oktober kl. 19.15
Stad: Syningen, Ål kulturhus
Å leva eit liv eg aldri har drøymt om – eit møte med Valgerd Svarstad Haugland.
-Det er med undring eg ser tilbake på mitt eige liv. Eg skulle aldri bli lærar som far min, men det vart eg. Eg tenkte aldri på å bli politikar som farfar min, men det vart eg. Då eg var ferdig i politikken, ville eg gjerne bli fylkesmann. Og det vart eg! seier Valgerd.

Torsdag 12. november kl. 19.15
Stad: Kafe Tid, Ål
Stubber om livet, døden og alt i mellom.
Denne kvelden får Ål Kyrkjeakademi besøk av tidligare fylkesmann og finansminister Sigbjørn Johnsen. Han vil halde eit foredrag med utgangspunkt i boka si, ‘Det beste i livet’, med undertittelen ‘Stubber om livet, døden og alt imellom’. I boka si tek Sigbjørn for seg mange sider ved tilværet, ikkje minst minnet kona si som han mista, dei tankane han sit att med etter henne, og det å verta att åleine. Desse tankane vil han dele med oss.

Alle arrangementa vil ha avgrensa tal på billettar, og me følgjer dei smittevernreglane som til ei kvar tid gjeld.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Bevegelse. Forum. Fristed.