500 etter Luther – endelig venner igjen?

Økumenisk samtale om reformasjonen

Katolsk forum i Stavanger og Stavanger bispedøme inviterer saman til ein økumenisk samtale om reformasjonen og dens konsekvensar. Eit veksande økumenisk medvit viser at reformasjonen ikkje bare gir gode assosiasjonar. Det er dessutan ikkje noe som Den lutherske kyrkja har einerett på. Ei markering må derfor vera open for kompleksiteten med både Luther og reformasjonen/ reformasjonane.

Søndag 19. nov kl. 19.00, i Svithun kirkes menighetssal

500 år etter Luther – plakat

Vi søker å få fram:

  • Eit teologisk perspektiv: kva var det som skilde? Og gjeld det i dag?
  • Eit økumenisk perspektiv: markering må skje saman med kristne frå andre tradisjonar, og vi må læra av kvarandres ulike perspektiv på historia.
  • Eit etisk/ sosialetisk perspektiv: Den økumeniske samtalen kjem ikkje utanom dei spørsmål om menneskeverd, urettferdig fordeling av verdas ressursar og vern om skaparverket.
  • Eit global perspektiv: Reformasjonen var historisk eit europeisk fenomen. Men i dag er kyrkja global – og kva inneber det – for luthersk identitet og for økumenisk identitet?

Like viktig som eit historisk perspektiv, er det å sjå relasjonen mellom katolsk og luthersk tru og kyrkje i dag, m. a. i lys av dokument, som f. eks.  Fra konflikt til felleskap (From Conflict to Communion), og Felleserklæringen om rettferdigjørelseslæren, men også i samanheng med det korte dokumentet som blei skrive og signert av Pave Frans, president i Det lutherske verdensforbund biskop Munib Younan, samt biskop Helga Byfyglien (Den norske kyrkja), i Uppsala i oktober i fjor.

Program:

Velkomst ved pater Phu Thanh Nguyen,  sogneprest i St. Svithun katolske menighet.

Innleiing ved Kjetil Aano, prost og leiar av Stavanger bispedømes reformasjonskomite.

Innlegg ved pater Jo Neve – medlem i Oslo katolske bispedømmes økumeniske kommisjon 2007-2017 og generalsekretær Berit Hagen Agøy – Mellomkyrkjeleg Råd (Den norske kyrkja).

Panelsamtale med pater Jo Neve, sr. Anne Bente Hadland – priorinne ved Katarinahjemmet, (Den katolske kyrkja), generalsekretær Berit Hagen Agøy og professor Knut Alfsvåg frå VID, MHS, (Den norske kyrkja). Panelsamtalen vert leia av prost Kjetil Aano (Den norske kyrkja).

Open samtale med publikum.

Inngang: kr 100 (ordinær) /kr 50 (stud./honnør).